Tuesday, January 29, 2008

NRK


Det som var att av Asbjørn etter at
lisensmannen hadde vore på besøk.

Monday, January 28, 2008

Svinekotelett

Grisen sa seg
etter mykje om og men
einig i at den var dau.

Takstein


Hustak er
fin inspirasjon
for hustak

Saturday, January 26, 2008

Dra, slepp, repeter



I løpet av fire dagar tok eg ein overdose, stilte meg framfor eit tog, slengte meg utfor ein balkong, bora hol i mitt eige hovud med ein drill, skar over pulsårene på langs, pirka ut eit auge, og svømte ein tur i bassenget med ein plastpose over andletet festa med strikk.
Men eg fekk ikkje teke livet mitt. Det var for glatt.

Overskot


(foto: Kirurgisk Avdeling, Ullevål)

Det er no bekrefta. Trygve Hegnar har etter ei vekes sjukehusopphald fått vite sin endelege diagnose. Mental overvekt. Tankane hang seg fast i hjernebarken, og grodde fast som hardt vev bak panna.
- Overskotet er no fjerna. Vi oppfordrar pasienten til å trimme hovudet kvar dag med ein middels stor stein, fortel overlege Jan Øvermo, ved Ullevål Sentralsjukehus.

Thursday, January 24, 2008

Ferdig frankert


Trond Giske får jamne forespørsler om stønad til ymse kultur-prosjekt som kan heva Noreg som kulturnasjon. Biletet viser Steinar som nyleg fekk 2 millionar til å fullføra sitt livsverk, "Meininga med livet". Frimerka vart sponsa av Posten. Personen bak frimerka vil helst vera anonym. -Frimerkelimet smakar fitte, seier den anonyme personen.

Wednesday, January 23, 2008

Skilsmissebarn


Ja, eg hugsar at eg ofte følte meg einsam og splitta, seier Achmed alvorleg. Han har no starta ei gruppe for skilsmissebarn i området.
Ein gong i veka møtest dei for å snakke ut. -Det er godt å dele problema sine med andre, avsluttar Achmed.

Monday, January 21, 2008

Emo-faen


Ok, no når eg fyrst er her, kan eg like godt setje meg og drikke. Drikke meg i hjel. Det er godt mogeleg det er dette dei kallar botnslammet.
At det er der eg befinn meg no. Eg er ute med ei gothjente og røyker gras på ein tømmerdass. Ho er kolsvart og vil berre døy. Eg svarar at det er det godt mogeleg eg kan hjelpe henne med.

På grensa


(foto: Norsk Tollvesen)

Ein maurslukar vart i dag tidleg teken for ulovleg smugling ved grensa
i Østfold. Politiet reknar dette for å vere eit rekordstort beslag.
-Den mistenkte er ein tidlegare kjenning av politiet, seier lensmann Arnø Guttulv. Maurslukaren vil førebels ikkje uttale seg til pressa og erkjenner ikkje straffeskuld i saka.

Sunday, January 20, 2008

Ein neve jord


Men eg vakna ikkje, eg sov framleis, og eg kunne sjå begravelsen min tydeleg for meg. Kista og familien ved sida av. Presten, veik og svak. Frå jord er eg komen for å bli. Og meg, langt ovanfor kjølige klede og fuktig gras. Nokon nynnar i bakgrunnen. Jord som rislar mot kista. Slik går dei inn for å ete. Lutande i ryggen, mot kjeks og ost. Blåmugg.

Samtale på søndag

Sprudlegutt: Kva gjer vi no?
Meg: Veit ikkje, det er tross alt søndag morgon og vi skal ikkje i kyrkja heller akkurat
Sprudlegutt: Sant nok. For ei utrulig svær dyne du har.
Meg: Eg likar å late som eg har gått meg vill
Sprudlegutt: I senga?
Meg: Overalt.

Ein liten marsipangris


Mange trur kanskje dette er ei kake eller noko anna godt. Men nei. Dette er eit anatomisk korrekt tverrsnitt av ein amerikansk tjukktarm. Biletet er teke etter eit førtifem minutts besøk hjå Starbucks. Bli organdonor.

Thursday, January 17, 2008

Tirsdags morgon

I dag då eg tok klesvasken ut av maskina, møtte eg Gud. Klesvasken var ei aning rosa. Det var den raude sokken si skuld. No kom ho til å bli forbanna, fullstendig galen, eg skjøna jo det. Det ville bli månelyst. Eg stod alltid aleine med ein raud sokk. Då dukka plutseleg Gud opp. -Til helvete med den jålete kona di!!, skreik Gud. Det var eg eigentleg ganske einig i.

Folk flest...

Eg synst ikkje det er kvalmt at Ling er kinesisk. Eg synst ikkje det er rart at kinesarar heiter Weng til etternamn. Eg synst ikkje det er rart at folk i Asia er så små. Eg meinte ikkje å spørja Ling om foreldra hennar knullar i karri. Eg forstår ikkje kvifor eg fekk skulda.

Byrjinga

-----------------------------

Her er ein startstrek.
Eg brukar berre blyant.